Pocketgrill
Pocketgrill
Pocketgrill
Pocketgrill
Pocketgrill
Pocketgrill
Pocketgrill
Pocketgrill
Pocketgrill
Pocketgrill

Pocketgrill

Vanlig pris 1.495,00 kr
Enhetspris  per 
Avgift inkludert.

Pocketgrillen er den lille effektive og geniale fleirbruksgrillen/bålpanna for heile familien. 

Uansett om du er heime, på tur i parken, på stranda eller på hytta så finner den sin plass.

Å grille på den er leikande lett, akkurat som det er å montere den. Og etterkvart som du blir kjent med den, kjem du nok til å finne nye, kreative måter å bruke den på - det er noko av det unike ved måten den er designa på. 

Når du bruker pocketgrillen på den medfølgande bunnpanna, som har bein, overfører den så og sei ingen varme til underlaget. Detta gjer at den er trygg i bruk. Den lagar ikkje svimerker på plen eller svaberg, står støtt på snøen og kan fint stå på bordet når du griller.  

Geometrien i designet til pocketgrillen gjer den veldig stabil, sjølv om du til og med velger å bruke berre 2 sider som vindfang til ein liten spritbrennar eller telys for den saks skyld. Den samma geometrien har også vist seg å gjere pocketgrillen utruleg effektiv i bruk. Ein neve kvist med tørre greiner gjer susen når du skal koke opp ein kjele kaffe, og når du grillar treng du berre litt kull for å få jobben gjort. 

Pocketgrillen er modulbasert, som vil sei at alle delane er lause, og settes sammen etter behov. 

Du kan sette sammen 2 sider til eit enkelt lite vindfang, 3 sider til ei effektiv lita bålpanne for kjeler og steikepanner, eller 4 sider for grilling eller bålfyring. 

Alle delane er i 1.2mm rustfritt stål, produsert av restmateriale hos IMS Technologies i Risør. 

Med grillen følger det med 2 grillrister, 4 grillspyd, 1 firkanta bunnrist, 1 trekanta bunnrist, samt ei bunnpanne som fungerer som bord og beholder for alle delane når den er sammenlagt. 

Dersom ein del blir ødelagt er det berre å kjøpe ein ny del, du treng ikkje kjøpe ny grill. Og siden alt er i rustfritt stål vil den gi mange år med god nytte. 

Alt pakkes lett ned i ei medfølgande sydd mappe. 

Totalvekt inkl. mappa: 1.2kg

Pocketgrillen og mappene er utvikla av Bjørn Nordstjerne, produsert og montert i Norge. Mappene er også sydd i Norge.