Om Pocketgrillen


 

Historien

Eg var på jakt etter ein liten og hendig kvistfyrt brennar som eg kunne slenge i sekken når eg var på småturar i nærmarka. Familie og arbeid begrensa tida mi, derfor måtte det vere ein effektiv brennar. Etter søk på internett var det fleire alternativ som kom opp, men eg likar å lage ting sjølv, så eg prøvde med på ein rocket-stove-variant av den klassiske "hobo-stove", som er laga av ein liten og stor hermetikkboks. 

Detta funka ikkje for meg og eg la frå meg heile opplegget. Til eg ein søndagsmorgon våkna med ein åpenbaring av eit designet som skulle bli til Pocketgrillen. Eg he utvikla den egenskapen til å modellere og teste i huet mitt, så detta gjorde eg mens eg låg i senga denna søndagsmorgonen.

Konseptet er basert på mange av mine interesser opp gjennom åra, blant anna hellig geometri, friluftslivutstyr, permakultur, arbeid med oppfinnerar og den profesjonelle yrkeserfaringa mi som prosjektingeniør i oljebransjen. 

Mandagen modellerte eg den 3d og laga produksjonstegningar og sendte over til IMS Maskinering i Risør, ein bedrift eg hadde god kontakt med via den dåverande jobben. Dei syns det var ein spennande liten sak. Fredagen sat eg med den første prototypen i handa, noko som for meg var ein rimelig sprø oppvisning i manifestering. 

Den modellen er hakket mindre enn den du får kjøpt men grunndesignet er basert på tetraederet (tetrahedron på engelsk) den enklaste og einaste konvekse polytopet figuren med 4 sider, og er den geometriske figuren med størst overflate og minst volum . Den er grunnlaget for å skape 3d-versjonen av David-stjerna, eit av dei mest hellige symbola her på jorda. Dette symbolet finn du igjen i mange andre kulturar her på planeten. 

Då eg sat med to eksemplar av den første prototypen tok det ikkje lang tid før eg skjønna eg kunne koble på ei fjerde side, som skapte den klassiske pyramideformen (endå ein hellig geometrisk figur du finn over heile jorda)

I samarbeid med IMS Maskinering produserte eg opp fleire prototyper, og rimelig kjapt tok den formen som den har idag og du kan få kjøpt her. Når eg viste den fram til venner og familie kom det også konstruktive innspill, heilt nødvendige bidrag for produktdesignet. 

Materialet eg bruker i dag er 1.2mm rustfritt stål, restmateriale av anna produksjon hos IMS Maskinering, som skjærer ut med laser og gjer også knekkinga. Monteringa stend eg for sjølv.

I 2018 beskytta eg designet via Patentstyret.